- Her kan ein trygt ferdast over heile vatnet, seier Håkon Røyset.
Han siktar til Snipsøyrvatnet.
-Isen der er testa ut frå Kråkholen/Hovden i nord til Holesanden i sør og den er mellom 3-4 tommar (8-10 cm), tynnast lengst i sør, fortel han.
Øyvind Yri har også teke kontakt med lokalavisa. Han har budd ved Snipsøyrvatnet i ein mannsalder- og han vil åtvare mot å gå ut på isen:
- Isen er langt frå trygg mange stader langsmed land her, seier han- som også fortel at han fredag ettermiddag såg fire personar gå på isen midt ute på vatnet.
- Folk må vere forsiktige og hugse at vatnet er førti meter djupt, seier han.
Håkon Røyset har fått seg at brannvesenet har åtvara mot å gå ut på isen på Grimstadvatnet. Han meiner brannvesenet bør kontrollmåle isen før dei uttalar seg.
- Eg trur folk som har budd langs vatnet heile livet og dagleg følgjer utviklinga etter at isen har lagt seg har litt betre grunnlag for å uttale seg om forholda, seier Håkon Røyset.
110-sentralen i Møre og Romsdal la fredag morgon ut ei melding på Twitter, der dei siterer konstituert brannsjef i Nordmøre Interkommunale brann- og redningsteneste, Jarl Arne Aspen, som seier følgjande: "Er ein på nokon måte usikker på om isen er trygg, skal ein la vere å gå ut på den." (ekstern lenke)