Fleire handelsbedrifter tek nye smittevern-grep – Amfi Ulsteinvik får sanntidsteljing av kundar:

– Vi vil ha god kontroll

Handelsbedriftene i Hareid og Ulstein har gjort mange grep for å møte dei nye retningslinjene frå regjeringa – og dei som har blitt innført tidlegare. Denne veka blir Amfi Ulsteinvik sitt kundeteljing-system oppgradert – slik at det viser kor mange kundar som er innanfor dørene til ei kvar tid.

Får sanntidsteljing av kundar: Helene Holstad, senterleiar ved Amfi Ulsteinvik, fortel at kjøpesenteret denne veka får oppgradert kundeteljingsystemet sitt – til at det viser kor mange kundar som er inne på senteret til ei kvar tid. Ho minner samstundes om smittevernreglane som gjeld.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Koronapandemien har vore krevjande for handelsdrivande både i Hareid og Ulstein sidan nedstenginga i mars i fjor, men også landet elles – og er det framleis. Og – med stadig nye smitteverntiltak på plass – er kundeopplevinga gjort så trygg som mogleg.