Ny Coop Extra-butikk opnar på Hareid i byrjinga av mars

Byrjar å nærme seg: Her ser ein eit bilde frå måndag denne veka, av den nye Coop Extra-butikken til venstre og det nye helsehuset på Hareid – begge i sluttfasen av byggeprosessen. Om alt går etter planen kan Coop Extra Hareid opne dørene 4. mars. Både butikkbygget og helsehuset er teikna av Ulsteinvik-baserte Sporstøl Arkitekter AS – og vil danne eit flunkande nytt kvartal i Hareid sentrum. Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll. 

Det blir eit praktbygg

Lars Ove Valaas-Breivik, eigedomsdirektør i Coop Nordvest
Nyhende

Etter planen skal den nye flunkande nye daglegvarebutikken i Hareid sentrum opne dørene på formiddagen 4. mars. Den nye butikken vil skilje seg markant frå den gamle, fortel eigedomsdirektøren i Coop Nordvest.