- Velvilje på alle kantar

Onsdag vart det trakka 3,3 kilometer lang skiløype på bana til Sunnmøre Golfklubb.

Jon Oli Arnason og Olai Hoddevik frå Sørøyane Røde Kors Hjelpekorps, Oddhild Sandanger (styreleiar i Sunnmøre Golfklubb) og initiativtakar Ragnar Svensgaard Moe ved golfbana til Sunnmøre Golfklubb før ein starta på trakking av skispor på bana.  

Nyhende

Etter det store snøfallet over Sunnmøre dei siste dagane blir det vanskeleg å nå både fairway og green på golfbana til Sunnmøre Golfklubb. Det hindrar likevel ikkje aktivitet på bana, som i tida framover i staden vil gje dei som ønskjer å prøve langrennsskia eit godt alternativ.