Nær halvparten veit ikkje kva dei får eller treng i pensjon

1,5 millionar av oss har no pensjonskonto vi skal forvalte sjølv, og det vil bli fleire i framtida. Trass i det veit mange ikkje noko om eigen pensjon.

Forbrukarøkonom: Silje Sandmæl er forbrukarøkonom i DNB og meiner vi med fordel kan spare nokre hundrelappar i aksjar kvar månad frå tidleg alder og ta meir ansvar for eigen pensjon enn vi gjer i dag. Ikkje minst bør vi sette oss inn kva slags pensjonsavtalar vi får frå arbeidsgivaren.   Foto: Heiko Junge/NTB/NPK.

Nyhende

Heile 45 prosent av yrkesaktive vaksne svarar at dei ikkje veit kor mykje dei vil få utbetalt i pensjon den dagen dei er ferdig med arbeidslivet og blir pensjonist. Omtrent like stor del, 46 prosent, har inga oppfatning om kor mykje av noverande lønn dei vil trenge som pensjonist.