Opnar for treningar for barn og unge

Men ber toppidretten ta to vekers pause frå seriespel.

Trening: Det blir igjen opna for trening og fritidsaktivitetar for barn og unge, men ikkje for kampaktivitet, cupar eller stemne den komande tida. 

Nyhende

Måndag kom det nye smitteverntiltak frå regjeringa. Der blir det opna for at barn og unge opp til 20 år kan trene og ta del i fritidsaktivitetar. Det blir også opna for å sjå vekk frå einmetersregelen der det er nødvendig for aktiviteten.