Hareid folkebiblioteket er snart på flyttefot

Laurdag er siste opningsdag i dei gamle lokala.

Flyttesjau: På grunn av koronaen blir det ikkje noko offisiell markering av flyttinga, men Anne Vasstrand ønskjer alle som vil velkomen innom lokala den siste veka dei held til på Hareid rådhus. 

Nyhende

Hareid folkebibliotek har halde til i kjellaren på rådhuset i 36 år. Laurdag 30. januar blir første opningsdag før dei stenger ned og skal bruke vel to månader på å pakke saman og flytte alt bort i dei nye lokala i Helsehuset.