Samlokalisering av lensmannskontora vil ikkje gi betre polititenester i Ytre Søre

Nyhende

Kommunedirektøren i Ulstein har i ei tilråding til kommunestyret gått inn for at lensmannskontora i Hareid og Ulstein og Herøy, Sande og Vanylven blir samlokalisert i Myrvåg. I følgje Vikebladet Vestposten grunngir han dette med at samlokaliseringa er «nødvendig for å oppretthalde eit kvalitativt godt polititilbod i dei fire (sic) kommunane på lang sikt». Sjølv om det kan føre til negative følgjer for publikum, meiner han at «å halde på noverande plassering har nokre klare ulemper med omsyn til attraktivitet, rekruttering, organisering og auka sårbarheit» - i følgje signal kommunen har fått – vi vil tru frå sentralt politihald.



Framlegget om samlokalisering av lensmannskontora er openbart ei vidareføring av den såkalla «nærpolitireforma» – no omdøypt til «politireforma». Omdøypinga er logisk, fordi reforma ikkje førte politiet nærare folk flest, men tvert om. Ein forskingsrapport frå Arbeidsforskingsinstituttet (omtala på nettstaden forskning.no 7.04.19) synte at dei fleste polititenestepersonar var misnøgde med reforma. Større politidistrikt og færre tenestestader førte til dårlegare lokalkunnskap. Samstundes hadde det blitt mindre uformellkontakt mellom politi og lokalsamfunn, noko som svekka det førebyggjande arbeidet. Ifølgje forskingsleiar Christin Thea Wathne ved Arbeidsforskingsinstituttet har politireforma flytta «politiet fra mange av de tradisjonelle hjelpeoppgavene og til mer kontrollorienterte oppgaver: politiet skal kontrollere og reagere, framfor å hjelpe. Spissformulert dreier det seg om politiet skal tjene folket eller kontrollere det».





Raudt Ulstein meiner difor at Ulstein kommune må avvise framlegget om samlokalisering. Ei sentralisering av politiet på Ytre Søre vil gi dårlegare polititenester i distriktet og svekke lokalkunnskapen til tenestepersonane. I tillegg vil ein flytte-og samlokaliseringsprosess stjele ressursar frå vanlege politioppgåver, jfr. Difis rapport om politireforma. Og endeleg vil flyttinga av lensmannskontoret føre til at Ulstein, i ei tid då kvar skattekrone tel, misser endå fleire statlege arbeidsplassar.

Styret i Raudt Ulstein,

v/ leiar Aina M. H. Hauge