– Ein krevjande kabal

Smittevern: Jan Peder Hoggen har hovudansvaret for smittevernet ved Ulstein verft i høve Covid-pandemien. Med sine mange utanlandske arbeidarar vil verftet merke at landegrensene vart stengde natt til fredag. – Vert tiltaka med stengde grenser forlenga utover to veker vil situasjonen verte meir og meir kritisk for kvar dag som går, seier Hoggen. Foto: Ulstein Verft / Tonje Ø. Ruud 

Nyhende

– Det er krevjande å få kabalen til å gå opp, fortel Jan Peder Hoggen ved Ulstein Verft. Med sine mange utanlandske arbeidarar er verftet ei av dei mange verksemdene som vil merke at landegrensene vart stengde natt til fredag.