Fiskar funnen omkomen

Det blir søkt etter den sakna fiskaren i havområdet mellom Runde og Godøya, som ein kan sjå på denne skjermdumpen frå Marine Traffic. Den runde sirkelen markerte posisjonen til RS Idar Ulstein rundt klokka 23.30.  Foto: Skjermdump/Marine Traffic.

Nyhende

Oppdatering: Fiskaren som vart meldt sakna tysdag, vart funnen omkomen utanfor Godøya natt til onsdag. Vakthavande redningsleiar ved Hovudredningssentralen, Eirik Walle, seier til NRK at mannen vart funnen død ei stund etter at båten hans vart funnen tom. Dei pårørande er varsla.