Går saman om «Ferjeaksjonen Møre og Romsdal»

Dei som står bak Facebook-gruppa «Protest mot auka ferjetakstar» i Møre og Romsdal, går no saman om organisasjonen «Ferjeaksjonen Møre og Romsdal». Det skriv Sunnmørsposten.

MF «Hadarøy» er ei av ferjene som går i sambandet Hareid - Sulesund.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll/Arkiv.

Nyhende

– Skuffande lite har skjedd sidan vi starta ferjeopprøret på seinhausten 2019. No startar vi Ferjeaksjonen for å leggje auka press på politikarane, seier Joachim Orvik, talsperson og styremedlem i den nye organisasjonen «Ferjeaksjonen Møre og Romsdal», til Sunnmørsposten.