Rår kommunen til å inngå ein 20-årig leigeavtale på breiband

Kommunedirektøren rår Hareid kommune til å gjere ein avtale med Tussa IKT om utbygging av breiband i områda Hjørungneset, Ulset, Snipsøyrvatnet, Alme og Almestranda.

Breiband: Full breibanddekning i kommunen vil ha ein verdi, ikkje berre for dei innbyggjarane som får lettare tilgang til internettenester, men også for kommunen sjølv, står det i sakspapira. Kommunikasjonen mellom innbyggjarane og kommunen blir i stadig større grad digitalisert. Dette blir sett på som eit gode både for innbyggjarane og kommunen. Særleg det siste året med korona har gjort at fleire tar i bruk digitale løysingar. Dette arkivfotoet viser eit digitalt formannskapsmøte. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

I 2019 fekk Hareid kommune støtte frå fylket for utbygging av breiband i områda Alme/Almestranda, Snipsøyrdalen indre, Ulstein og Hjørungneset. Kommunen har frist på seg til hausten 2021 for å fullføre utbygginga, elles mistar dei støtta på i overkant av 1,4 mill.