Vasslekkasje i Hareid

Nyhende

Vassbrotet i Strandgata på Hareid var reparert like etter klokka 13.00 tysdag.

Store delar av gata var stengd og fleire husstandar måtte klare seg utan vatn medan reparasjonsarbeidet pågjekk.

Vatnet er no tilbake, skriv Hareid kommune på nettsida si.

Brotet vart oppdaga måndag kveld, etter at det vart registrert svært stor vassforbruk.