750.000 kroner til nytt tak på Bjørndals Minne:

- Veldig kjærkome

Med tilskotet frå Kulturminnefondet er ikkje stiftinga så langt unna målet om å kunne reparere taket på ikoniske Bjørndals Minne frå 1955.

Jubel: Olav Sæter og Leiv Bjørndal i Stiftinga Bjørndalsfondet jublar for eit tilskot på heile 750.000 kroner frå Kulturminnefondet til utbetring av taket på Bjørndals Minne - som ein her ser i bakgrunnen.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Kulturminnefondet er ei statleg tilskotsordning for private eigarar og frivillige organisasjonar, direkte underlagt Klima -og miljødepartementet. Kulturminnefondet er eit lågterskeltilbod til eigarar som vil setje sine kulturmiljø i stand.