På det tredje skal det skje

På tredje forsøk fekk Oskar Grimstad næringsstøtte til Tampenbuda, eller Donnabuda.

Donnabuda: Oskar Grimstad har kjøpt den gamle sjøbuda og vil setje ho i stand og få aktivitet. 

Nyhende

Tilrådinga frå administrasjonen var negativ, men etter framlegg frå utvalsleiar Kjetil Nesset (Folkelista) vedtok Nærings- og miljøutvalet i Hareid mot ei røyst å gje enkeltpersonføretaket Oscarsborg Grimstad Eigedom ENK tilskot frå det kommunale næringsfondet. Tilskotet skal nyttast som delfinansiering ved oppgradering av næringslokale for utleige. Føretaket får 33 % av dokumenterte prosjektkostnader, avgrensa til maksimalt 163 198 kr.