Det går mot ny og spanande næringsverksemd på Hareid:

Vil etablere Mjøl & Meir i Kjøpmannsgata

Ulshav og Hareid kommune har kome langt i prosessen om etablering av eit utsal for bakevarer i Kjøpmannsgata i sentrum. Ei etablering som dei trur vil gje mange gode synergiar.

Ferske bakevarer i Kjøpmannsgata: Her ser ein dei som har vore sentrale i prosessen med å etablere eit nytt bakeriutsal i Kjøpmannsgata i Hareid sentrum. Frå venstre ser ein Trine Pilskog, Yrjar Garshol og Julie Ann Ulstein, høvesvis styremedlem og styreleiar i Ulshav – og avdelingsleiar ved Mjøl & Meir i Ulsteinvik. Til høgre for dei står ordførar i Hareid, Bernt Brandal – og dagleg leiar i Ulshav, Magnar Hatløy.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

Vikebladet Vestposten møtte på tampen av førre veke dei som har vore sentrale i prosessen rundt etablering av nytt bakeriutsal på Hareid – styreleiaren og den daglege leiaren i Ulshav, høvesvis Yrjar Garshol og Magnar Hatløy – i tillegg til Trine Pilskog, som er styremedlem, Bernt Brandal, ordførar i Hareid kommune og Julie Ann Ulstein, avdelingsleiar ved Mjøl & Meir i Ulsteinvik.