Vindauge og veggar sprekk - etterlyser svar frå utbyggjaren av Sjøsida 2:

– Det er ikkje kjekt å bu i eit hus der slike ting skjer

Solfrid Alme fortel at sidan ho og ektemannen flytta inn i Sjøsida 2 har det oppstått fleire sprekkar i bygget. Ho har etterlyst dokumentasjon på kartlegging av grunnforholda, men det har ho ikkje fått.

Sjøsida 2: Det var eitt av dei store vindauga i trappeoppgangen i andreetasjen at vindauget måtte bytast ut etter det sprakk opp. Det er også sprekkar i det nye vindauget. Ulsteinvik Utvikling forklarer at sprekkane kom under transport, så også det nye glaset vil skiftast ut.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Nyhende

For litt over eit år sidan skreiv Sunnmørsposten at innflyttinga i Sjøgata 2 vart noko forseinka på grunn av ein setningsskade.