Ulsteinvik Utvikling om Sjøsida 2:

– Tryggaste bygget i Ulsteinvik

Ulsteinvik Utvikling As kjenner seg trygge på at grunnen under Sjøsida 2-bygget er trygg - det har dei også dokumentasjon på.

Sjøsida 2: I veke 22 i 2020 vart det gjennomført ein visuell kontroll av mokre konstruksjonsknutepunkt ved overgangen mellom sjø og land. Denne kontrollen avdekte ikkje noko unormalt eller målbare/synlege rørsler. Når dei likevel hadde opna konstruksjonen, vart det gjort nokre forsterkningar ved aktuelle knutepunkt. Sjølv om det ikkje var naudsynt. I september 2020 vart natursteinmuren under kaia sikra.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide.

Nyhende

Henning Sundet, Jon Ove Ringstad og Morten Ulstein i Ulsteinvik Utvikling AS slår fast til Vikebladet Vestposten at Sjøsida 2-bygget er det sikraste bygget i Ulsteinvik sentrum. Medan ein del andre bygg ligg direkte på sanden, står Sjøsida 2 på pelar som er bora minimum 1,5 meter ned i fast fjell.