Nasjonalbiblioteket syner interesse

Hugsar du bøkene som vart funne i nokre pappkasser etter å ha vore stua vekk i tårnet i Hareid kyrkje i nær 100 år? No er Nasjonalbiblioteket interessert i å sjå nærare på 220 av dei 270 bøkene.

Gotisk: Nesten alle bøkene har gotisk skrift, bokstavar som ikkje er like lette å lese. Leidulv Grimstad trur dette kan vere årsaka til at dei i si tid vart tekne ut av boksamlinga og lagt til side.  Foto: Jorulf Myrene.

Nyhende

– Den eldste boka syner seg å vere frå 1787. Det er «Kierlighed uden Strømper» av Johan Herman Wessel, fortel Leidulv Ø. Grimstad som no har gått nøye gjennom boksamlinga og registrert titlar, utgjevingsår og -stad.