– Noko av tanken er at deltakarane skal verte kjende med heile regionen. Difor har vi lagt samlingane til ulike stader. Denne samlinga var i Ulsteinvik. Neste gong samlast vi i Ålesund, fortel Elisabeth Remøy som er seniorrådgjevar i ÅKP. Det er også lagt opp til fleire digitale samlingar.
Sunnmørske reiselivsbedrifter samla i Ulsteinvik:
Vil ha gjestane til å bli verande lenger
Målet er å auke verdiskapinga innan reiseliv på Sunnmøre. Difor deltek 12 reiselivsbedrifter i ÅKP og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre sitt vekstprogram. Denne veka var dei samla til avspark på Sjøborg i Ulsteinvik.
Reiseliv og næringsutvikling: Representantar frå tolv sunnnmørsbedrifter som på ulikt vis er knytt til reiseliv samla seg denne veka til avspark for vekstprogrammet i regi av ÅKP og Destinasjon Ålesund & Sunnmøre. F.v. Terese Jemtegård Moen, dagleg leiar i næringsutviklingsselskapet Fjordhagen, Monica Berstad Mæland, prosjektleiar i Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Elisabeth Remøy og Robert Voldnes, begge seniorrådgjevarar i ÅKP, er alle involvert i prosjektet. Foto: Jorulf Myrene.
Nyhende