Gebyr for fyringsanlegg:

– Dyraste tenesta me kan få

Misnøgd: Engen meiner Hareid bør vurdere å melde seg ut av brannvernssamarbeidet. 

Nyhende

– Det her skal vere sjølvkost. Mange på Hareid har ikkje fått utført tenesta på fleire år, men dei har betalt for det. Då har eg lyst til å vite kvar dei pengane ligg, sa Berte Holstad Engen (H) då Hareid formannskap hadde oppe ei sak om gebyr for fyringsanlegg. Ho ville vite kvifor Ulstein som er vertskommune ikkje har utført feiing, og kvar har pengane gått. Kan folk få tilbake pengane for ei teneste dei ikkje har fått?