– Mange ventar på å få telefon om vaksinen

Både Hareid og Ulstein er godt i gang med å setje koronavaksine på innbyggarane.

Kari Brandal (til venstre) og Hanne Ulstein ringjer innbyggarane i Ulstein med tilbod om koronavaksine. Dei aller fleste seier ja.   Foto: Linda Eikrem

Folk er veldig pliktoppfyllande og er flinke til å møte til avtalt tid. Det gjer at jobben vår blir enklare.

Nyhende

– Dei aller fleste seier ja når vi ringer, og mange fortel at dei faktisk har venta på telefon frå oss, fortel Kari Brandal og Hanne Ulstein på Ulstein helsestasjon. Ernæringsfysiologen og sekretæren er begge med i koronateamet på helsestasjonen.