Rajendra og Auruna la turen innom Ulstein og Hareid - har sykla gjennom 267 kommunar

Ekteparet Rajendra Prasad Shukla (70) og Auruna Shukla (64) stoppa innom Ulsteinvik søndag. Dei skulle eigentleg sykle frå heimstaden Minnesund til India - men koronapandemien sette ein stoppar for den planen. I staden har dei med Ulstein og Hareid vore innom i alt 267 norske kommunar på sykkelsetet - så langt.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

I 1970, for snart 50 år sidan, sette ein då 19 år gammal Rajendra Prasad Shukla seg på sykkelsetet og sykla frå India til Norge. Rajendra sykla gjennom mange ulike land på sin veg - og helste blant anna på mange statsleiarar på sin veg. Då han kom til Norge i 1972 helste han på dåverande statsminister Trygve Bratteli, ved god hjelp av avisa Verdens Gang.