Skal finne ut kvar hjorten vandrar

To hjortekoller i Hareid er no utstyrte med GPS-sendar, og ved hjelp av denne kan vi finne ut meir om hjorten sine vandringar.

Morka-kolla: Morka-kolla har vakna etter bedøvinga og har fått på seg GPS-halsband. Foto: Landbrukskontoret 

Nyhende

Ved hjelp av GPS-merking kan trekkvegane til to hjortekoller frå Hareid snart kunne fylgjast via heimesidene til Norsk institutt for bioøkonomi, NIBIO. Merkinga er ein del av prosjektet Vesthjort som er eit samarbeid mellom ti kommunar på Søre Sunnmøre og i Nordfjord.