Go'dag:

Vår(reingjering)

Vårreingjering Rett nok gjer vårsola oss merksame på litt av kvart der ho skin så fint inn dei gråspetta vindauga. Dei ber bod om at her gjeld det å ta seg på tak. Å kome igang. Det skriv Inga Ishild Hareide i denne vekas Go'dag.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

VÅR! Smak på ordet. Det er neppe vårreingjering som først dukkar opp. Eit ord som mest truleg har gått i gløymeboka. Då skulle vinteren ut og våren inn. Opp med alle vindauge. Ut med alle teppe. Fram med vaskebøtta og grønsåpa. Vinterkleda måtte luftast før dei skulle i sommardvale.