Trygg skuleveg

Bigset FAU krev 50-sone

Bigset FAU har sett seg lei av den farlege skulevegen, der borna må krysse ein sterkt trafikkert fylkesveg for å kome seg til skule.

FAU: Kristian Fuglseth, Ellisiv Gryt Grimstad og Carina Øvrelid i Bigset FAU meiner noko må skje for sikre mjuke trafikantar på Bigset. Foto: privat 

Nyhende

Trafikktryggleiken på Bigset skule har vore eit heitt tema i mange år mellom lokalpolitikarar og folk som er busette langs Hareidsvegen. No vender Bigset FAU seg til Fylkeskommunen i håp om at noko skjer. Dei har skrive eit langt brev med fleire nye moment som ikkje har vore handsama tidlegare. Bigset FAU har tatt initiativ til eit møte mellom fylkeskommunen, Hareid kommune, rektor ved Bigset skule, styrar ved Hareid barnehage og Bigset FAU. Dei vil der bidra til å finne gode løysingar som det går an å leve med fram til vegen blir lagt om.