Riksantikvaren rår til at altertavla blir restaurert på staden

Riksantikvaren gir Hareid sokn avslag på støtte til å konservering av altertavla, men er i utgangspunktet positive til å støtte ei konservering.

Dygdene: På altertavla finn ein seks kvinner som representerer dei seks dygdene: rettferd, kjærleik, klokskap, måtehald, håp og mot. Heile altertavla er symbol på den sjuande dygden: tru.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

Altertavla i Hareid kyrkje er frå 1660, og er såleis det eldste og største kunstverket i kyrkja. Altertavla vart restaurert i 1977, men no meiner Hareid sokn at det er på tide med ei ny restaurering. Dei har sendt søknad til Riksantikvaren om støtte.