Fleire kjøpte den første bustaden sin i fjor

Talet på personar som kjøpte den første bustaden sin i fjor, var det høgaste sidan 2011. Låge renter ser ut til å vege opp for koronafølgjene, viser ny rapport.

Tredje kvartal i fjor er det sterkaste innan førstegongskjøp som er registrert i statistikken nokon gong, og totalt sett må ein tilbake til 2011 for å finne eit år med like mange førstegongskjøparar som i 2020.  Foto: Illustrasjon/Unsplash.com.

Nyhende

Det har vore ein klar auke dei aller fleste stadene i landet, ifølgje rapporten, som Norges Eiendomsmeglerforbund og Ambita som står bak.