To nye smittetilfelle

Nyhende

Endå to personar har testa positivt for korona i Ulstein.

Det skriv kommunikasjonsrådgjevar i kommunen, Janne-Marit Myklebust, i ein e-post til lokalavisa langfredag.

Dei to er nærkontaktar med personen som fekk påvist smitte 31. mars. Dei har vore i karantene som følge av dette, og er no i isolasjon.



20 andre som er i karantene i Ulstein, grunna smittetilfelle andre stadar på Sunnmøre, har testa negativt på første test, opplyser kommunen.