Påskegenseren er heimestrikka

Det er ikkje berre appelsin og Kvikk Lunsj som høyrer påskefjellet til. Heimestrikka genserar har vore påskemote heilt sidan 1950-talet.

POPULÆR: Då Hege Nilsen la ut bilete av seg sjølv på tur med denne sjølvstrikka gule genseren, ville mange ha den same. Foto: Hege Nilsen 

Nyhende

– At eg byrja å designe eigne mønster var eigentleg heilt tilfeldig. Eg strikka ein riddari-genser, men brukte litt andre fargar enn oppskrifta. Det slo an, fortel Hege Nilsen.