Prosjekt støtta av Kulturminnefondet kan få kulturminneskilt

Om ein har eit prosjekt som er støtta av Kulturminnefondet, kan ein få skilt frå Kulturminnefondet. Skiltet er i børsta, lakkert stål med teksten «Dette kulturminnet er bevart for fremtiden med støtte fra Kulturminnefondet».

Bjørndals Minne i Ulsteinvik sentrum fekk støtte frå Kulturminnefondet i år.  Foto: Arkiv/Linda Eikrem.

Nyhende

– Alle prosjekt som har fått tilsegn om støtte frå Kulturminnefondet og fått godkjent sluttrapporten, kan få tilsendt metallskiltet til å henge opp på kulturminnet sitt, seier direktør Simen Bjørgen i ei pressemelding.