Røde Kors-hyttene blir ubemanna

Onsdag var det litt sol og stor utfart til Stranda.   Foto: Møre og Romsdal Røde Kors

Nyhende

Møre og Romsdal Røde Kors melder at hyttene ikkje blir bemanna i morgon. All beredskap blir heimebasert.

Dei melder at det har vore ein stille sundag, med lite folk i løypene. Det har vore registrert nokre skadar eller oppdrag. Dei har mellom anna hatt eit helseoppdrag på vegner av AMK laurdagskvelden, som varte utover natta, med snøscooter og ATV innover fjellet i Sunndal.

Veret har snudd og det er mange stader varsla mykje nedbør dei neste dagane. Røde Kors oppmodar turfolk om å sjekke VARSOM.NO om ein planlegg tur.