Vekas 3. smittetilfelle i Hareid

Nyhende

Den smitta kjende i går, laurdag, på symptom på luftvegsinfeksjon. Vedkomande testa seg for korona, og i dag kom svaret om at det var covid-19.





Vedkomande er fast busett i Hareid kommune, og er no i isolasjon. Seks andre er karantene som følgje av dette smittetilfellet. Smittekjelda er førebels ukjend.

Hareid kommune melder at alle dei fire nærkontaktane som bur i Hareid kommune er husstandsmedlemer med den smitta. I tillegg er det to nærkontakar ein annan stad i landet.

Kommunen arbeider med smittesporing for å finne potensielle personar som må i karantene. Det er ein teoretisk sjanse for at smitten kan koplast til eit anna tilfelle, men denne teorien er usikker.

Fleire familiar i ventekarantene

På grunn av dette smittetilfellet må 11 personar, frå fleire ulike familiar, i ventekarantene. Dette er personar som nærkontaktane har hatt sosial omgang med.

Dei 11 må vere i karantene til nærkontaktane har fått første negative test.



Oppmodar innbyggjarane til å følgje råd og reglar

Sidan Hareid kommune må noverande tidspunkt ikkje veit kva som er smittekjelda, vil dei be alle om å vere ekstra nøye med å halde smittevernreglar og -råd.

  • Hald to meter avstand til personar utanom eigen husstand.
  • Vask hender ofte med såpe og vatn. Nytt handsprit om du ikkje har tilgang til såpe og vatn.
  • Hald deg heime og test deg om du har symptom på luftvegsinfeksjon, også milde.