Kirkens SOS: Ein av fire samtalar handlar om sjølvmord

Ein stadig større del av samtalane med Kirkens SOS handlar om sjølvmordstankar.  Foto: Kirkens SOS

Nyhende

Denne påska har Kirkens SOS svart på 2391 samtalar mellom palmesøndag og påskeaftan. 25 % av samtalane har omhandla sjølvmord, noko som er ein auke frå i fjor. Då utgjorde denne delen av samtalane 21 %. Det går fram av ei pressemelding frå Kirkens SOS.