Både i Ulstein og Hareid går ein over til å sende vaksinasjonsinnkalling via SMS:

– Viktig at dei som ikkje vil ha vaksine gir beskjed

Dei rundt 250 personane som skal vaksinerast i Ulstein i veke 15 vil anten få ein SMS eller ein telefon med innkalling. I Hareid kom ein i gang med SMS-innkalling like før påske.

Vaksinasjonsinnkalling via SMS: Ved Ulstein helsestasjon blir det sett om lag 220 koronavaksinar denne veka, medan det til neste veke er om lag 250 personar som får innkalling. Av desse får halvparten innkalling via SMS – medan den andre halvparten får den via telefon. Her ser ein Kari Brandal (t.v.) og Kristin Meli, leiande helsesjukepleiar ved Ulstein helsestasjon.   Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Dette er altfor edle dropar til at vi vil kaste dei

Kari Brandal, Ulstein helsestasjon
Nyhende

I inneverande veke, veke 14, er det innbyggjarar født i 1946 – og nokon født i 1947 – som er kalla inn til vaksinering på Ulstein helsestasjon.