Ein elev ved Herøy vgs har testa positivt

Nyhende

Ein elev ved Herøy vidaregåande skule har i dag, onsdag, testa positivt for covid-19. Det melder Herøy kommune.

Eleven har ikkje vore på skulen sidan 25. mars, altså før påskeferien. Eleven fekk sjukdomssymptom 27. mars, og testa seg 6. april. Positivt svar låg føre i dag.

Det har i dag vore gjennomført smittesporingstesting av klassen og relevant personale på skulen. Alle som er testa i dag skal i karantene til testsvaret er klart.

Smittesporingsteamet i Ørsta/Volda følgjer op smittesporing der eleven bur.

Herøy kommune skriv at slik situasjonen framstår i dag er det ikkje grunnlag for ytterlegare tiltak, som testing av alle elevar og lærar ved skulen, eller å stenge skulen. Elevar og tilsette skal halde seg til dei gjeldande smittevernreglane som gjeld for skulen. Det blir gjort nye vurderingar når testsvara ligg føre.

- Eg vil oppmode alle ungdomar som berre har svake symptom på luftvegsinfeksjon om å ta ein test, er oppmodinga frå kommuneoverlege Bjørn Martin Aasen.