Fem bilete utmerkte seg

Fotograf Cecilie Hatløy kom særs godt ut av landskonkurransen til Norges Fotografforbund. Fem av bileta hennar vart kåra som ein av dei ti beste i ulike kategoriar.

Bryllaup: Fotoet «Speed dating» kom på lista over dei ti beste fotografia i kategorien bryllaup. Foto: Cecilie Hatløy 

Nyhende

Mange veit nok frå før at Cecilie Hatløy er veldig flink til å fotografere folk. Då ho starta opp fotostudioet sitt Lykkeliten, var det mykje fotografering av babyar og små barn. Ho har også hatt spalte i denne avisa der ho fotograferte folk i alle aldrar: Øyfolket. Men den dyktige fotografen kan så mykje meir.