Det er framleis vinter på fjellet

Påskestemning: Det har kome bra med snø på Fjelle den siste veka, så tilhøva for som har lyst til å gå på ski er gode. 

Nyhende

Medan nokon har teke til på båtpuss, hagearbeid og andre vårlege syslar, har andre nytta høvet til å leite fram skia att og ta seg ein tur til fjells. Frå snuplassen på Fjelle, der det er slutt på brøyta veg, går det skispor vidare langs vegen som ligg skjult under eit tjukt lag med nysnø.