Kommunedirektøren er tilbake

– Veldig kjekt å kome tilbake

Ragnhild Velsvik Berge er tilbake hundre prosent i jobben som kommunedirektør i Hareid kommune.

Ragnhild Velsvik Berge er glad og takksam for å vere frisk og vere tilbake i arbeid.  Foto: Hareid kommune

Nyhende

Sidan i sommar har Ragnhild Velsvik Berge vore sjukmeld, etter ho fekk påvist kreft. Men no er ho operert, ferdig med strålebehandling, og klar for å arbeide igjen. – No er eg frisk igjen, Det var veldig kjekt å kome tilbake, seier ho til Vikebladet Vestposten.