Dei to skuleelevane har testa negativt

100: Det var hundre personar som testa seg for korona måndag denne veka. Det avdekte ikkje nye smittetilfelle. Arkivfoto  Foto: Linda EIkrem

Nyhende

Ulstein kommune melder no at dei to grunnskuleelevane som var nærkontaktar til personen som testa positivt for koronaviruset sundagskvelden, har no fått resultatet etter dei testa seg for smitte.



Både åttandeklassingen og fjerdeklassingen testa negativt på første test. Dei to må framleis sitje i karantene, men alle som sat i ventekarantene på grunn av dei to elevane, slepp no ut av karantenen. Dette gjeld fjerdeklassingar og åttandeklassingar ved Ulsteinvik barneskule og Ulstein ungdomsskule, i tillegg til Hødd g13 og g14.

Det blir framleis gjort undersøkingar for å finne smittekjelda til dette smittetilfellet.

35 personar er i smittekarantene i Ulstein.

Måndag var det hundre personar som testa seg for korona ved Ulstein legesenter.