No gjeld einmetersregelen igjen, og skjenkestoppen blir oppheva

Statsminister Erna Solberg (H) varsla tyrsdag at det igjen skal vere einmeteren som gjeld som råd for kor god avstand nordmenn må ha mellom kvarandre. Elles blir den nasjonale skjenkestoppen oppheva.

Statsminister Erna Solberg under ein pressekonferanse om koronasituasjonen tysdag.   Foto: Torstein Bøe/NTB/NPK.

Nyhende

Då tiltaksnivået vart stramma inn før påske, gjekk ein frå 1 til 2 meter i avstandskrav. I første trinn av gjenopninga av Noreg blir dette reversert, slo statsministeren fast på ein pressekonferanse tysdag.