Nytt smittetilfelle i Hareid

Nyhende

Det er også ein person i Hareid kommune som har testa positivt for koronaviruset tysdag, opplyser kommunen (ekstern lenkje). Tidlegare tysdag ettermiddag kom nyheita om at to personar i Ulstein er smitta.



Det nye smittetilfellet i Hareid er frå ein husstand der det allereie var smitte. Personen har derfor vore i karantene og har ingen nærkontaktar. Det skriv Hareid kommune.

Elles så må elevane i fyrste klasse ved Hareid skule vere i ventekarantene ut veka. Læraren som var nærkontakt med eit smittetilfelle på treningssenter i Ulstein, har testa negativt på fyrste test, skriv kommunen.