To nye smitta i Ulstein

To personar har tysdag fått påvist koronasmitte i Ulstein.  Foto: Illustrasjon/Centers for Disease Control and Prevention.

Nyhende

To personar har tysdag fått påvist koronasmitte i Ulstein. Det skriv Ulstein kommune tysdag ettermiddag.

Personane var allereie i smittekarantene, og er no overført til isolasjon. Ved det eine tilfellet er det ingen nye nærkontaktar som skal i karantene, skriv kommunen.

Ukjend smittekjelde

I tillegg har ein person som var på Aktiv-senteret i Varleite samstundes med smittetilfellet frå 11. april, testa positivt for korona.

Fire personar knytt til denne personen er overført frå ventekarantene til smittekarantene.

Smittekjelda for dei to smitta på treningssenteret er ukjend.

Det vert difor oppmoda om at alle som var innom senteret i førre veke, frå og med tysdag 6. april, er raske med å teste seg dersom dei får symptom.