Ung Arena får utstyr frå Elkjøpfondet

Ung Arena søkte om utstyr til eit gamingrom og fekk tysdag overlevert utstyr for om lag 65.000 kroner frå Elkjøpfondet.  

Nyhende

Ung Arena står bak ei rekkje ulike aktivitetar for barn og unge i Ulstein kommune. No satsar dei også på å styrke seg innan data og dataspel, og med hjelp frå Elkjøpfondet fekk dei tysdag ei solid handsrekning.