Vi møtte bildekunstnar Annmari Skeide:

– Eg fekk det eg vil kalle ein kroppsleg heimlengt

I neste veke stiller Annmari Skeide ut bileta sine på «Mottaket» i Ålesund. Tittelen på utstillinga hennar er «Over og under hav». Ho har budd tilsaman 20 år i Hamburg, men til slutt var lengten mot havet så stor at ho måtte heim til Ulsteinvik.

Fargerik energi: Ved atelieret sitt i gamle Bigset skule legg no Annmari Skeide siste hand på verka som skal vere med på utstillinga «Over og under havet» ved «Mottaket» i Ålesund. Med kunsten sin ønskjer ho å kommunisere med det ubevisste i hennar indre.   Foto: Anne Gry Eilertsen.

Nyhende

Annmari Skeide er fødd og oppvaksen på Skeide. Barndomsheimen låg like ved sjøen, og lukta av sjø, lyden frå bårene og det skiftande lyset over hav og himmel har følgt henne heile livet. Frå ho var lita jente har teikning vore ein kjær aktivitet, og det var ikkje berre ein slump som gjorde at ho etter realskulen gjekk «Teikning, form og farge» i Langevåg.