Sommarskule:

Vil gje eit positivt løft

Hareid kommune inviterer inn idrettslag og andre frivillige lag og organisasjonar til å vere med å organisere sommarskule for born og unge.

Sommarskule: Christine Riise Øvrelid og Cecilie Bjørlykke orienterte Hareid formannskap om sommarskuletilbodet. Dei synest det er viktig å få med lokale aktørar, for å gjere ungdomane kjende med kva tilbod som finst i eigen kommune. Tilbodet for 5. til 7. klasse skal vere på dagtid, men det kan vere at tilbodet for ungdomsskuleelevane blir på kveldstid. Foto: Ingvild Aursøy Måseide 

Nyhende

Regjeringa har løyvd 500 millionar kroner til ulike sommartilbod for elevar frå første til tiandeklasse. Hareid kommune får 594 900 kroner og Ulstein kommune får 991 500 kroner. Kommunane kan lage nye eller utvide eksisterande sommarskuletilbod. Dette blir gjort for å kompensere for at mange elevar har mista mykje tid på skulen dette skuleåret.