– Om ein vil ete laks må ein tole at han vert produsert også

Hareid formannskap var splitta i synet på om og kvar ein bør leggje til rette for oppdrett.

Usemje: Berte Holstad Engen (Høgre) meiner Hareid kommune bør leggje til rette for fiskeoppdrett. Ho fekk støtte av Jeanette Teigene (Framstegspartiet), men Ragnhild Nedrelid (Arbeidarpartiet) var ikkje like positiv.   Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Administrasjonen må få skryt for ei veldig god saksutgreiing, og det kjem frå nokon som i utgangspunktet ikkje vil lese om oppdrett, sa Annika Brandal (Venstre), før ho skunda seg å presisere at det sistnemnde var sett litt på spissen.