Innbyggjarundersøking

Saniteten stiller opp

Hareid Sanitetslag deler ut innbyggjarundersøkinga i postkassene til innbyggjarane som ikkje kan svare digitalt.

Postkasseutlevering: Marita Siring, Marianne Overå og Claudia Ritter i Hareid Sanitetslag er glade for å kunne bidra på denne måten. Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune, seier at dei ikkje hadde klart dette utan deira frivillige innsats. Alle som bur i omsorgsbustad får automatisk papirskjema i postkassa si. Dei som bur på sjukeheimen får tilbod om papirskjema frå tilsette.  Foto: Ingvild Aursøy Måseide

Nyhende

– Saniteten vil gjerne hjelpe til når kommunen har oppgåver som frivillige like gjerne kan gjere, seier Marianne Overå som er leiar for Hareid Sanitetsforenings Omsorgsberedskapsgruppe. Ho veit at kommunen har avgrensa med ressursar, og ved at frivillige hjelper til, får kommunen frigitt ressursar til å løyse andre oppgåver. Omsorgsberedskapsgruppa har beredskapsavtale med kommunen og er med i beredskapsrådet, og synest difor det er naturleg at dei stiller opp.