Han leiar offshore vind-satsinga til det Ulsteinvik-baserte reiarlaget Island Offshore:

– Ein utruleg spanande marknad å jobbe inn mot

Trond Skodjevåg Bø har gått frå å selje nye skip til ulike aktørar i offshore vind-marknaden – til å selje inn båtar på kontraktar med dei same aktørane. – Det er nok ein fordel å ha sett begge sider, seier han.

Glad for å vere på plass: Trond Skodjevåg Bø står her på ei flytebrygge på Borgstein – med eitt av Island Offshore sine mange skip bak seg – Island Duchess. Trond har blant anna bakgrunn som salssjef ved Ulstein Verft – men skal no i staden skaffe arbeid til båtar, ikkje selje dei.  Foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll.

Nyhende

For dei fleste er nok Trond Skodjevåg Bø best kjent frå tida då han var salssjef ved Ulstein Verft.