Kva veit folk om oppdrett?

Lus: To sjøørretar i ei elv på Sunnmøre fulle av lakselus 

Nyhende

Kva veit folk flest om oppdrett av fisk i sjøen?

Dei fleste veit om alle milliardane som næringa bringer inn i landet, og det er jo positivt. Så er det nokre kommunar langs kysten som får glede av millionar frå Havbruksfondet.

Men har medaljen ei bakside?

Når eg skal våge meg til å skrive det eg veit om oppdrettsnæringa, må eg få lov til å skrive litt om bakgrunnen som eg har. Eg er så gammal at eg hugsar korleis livet på sjøen og i elva var før oppdrettsnæringa tok over mange av fjordane våre.

Eg byrja allereie å fiske som 7- 8-åring etter småsei og mort på kaikanten. Seinare då eg vart litt eldre dreiv eg med ei lita kastenot etter sjøørret saman med 2–3 kameratar langs strandlina mellom Hareidsvika og Kvitneset. Vi fekk ofte mange fine sjøørretar etter fleire kast. Den beste tida til dette fisket var rundt St. Hans.

I 1961 var eg på min første tur i ei lakseelv. Sidan då har eg følgt med utviklinga i elvane våre, spesielt her på Sunnmøre.

For ikkje å gå i detalj om fiskeriet kan eg generelt seie at nesten alle elvane her på Sunnmøre var fulle av laks heilt fram til slutten på 70-åra.

Då byrja vi å merke ein nedgang.

Oppdrettsnæringa skal ikkje ha skulda for all tilbakegangen av laks og sjøørret.

På Sunndalsøra var det ein forskingsstasjon for laks og sjøørret.

Dei importerte tonnevis med smolt frå Sverige. Smolten viste seg å vere full av gyrodactilus salaris.

Fleire her på kysten fekk kjøpe av den infiserte smolten. Fleire elvar inst i Storfjorden fekk av den smolten med bokstavleg tala drepande resultat.

Det fyrste tilfellet som blei oppdaga her på våre kantar var i 1975.

Omtrent samtidig som dette skjedde, byrja fleire fiskebåtar å rigge seg til med line og drivgarn for å fiske etter villaks.

Det finst ingen tvil. Det også gjorde eit stort innhogg i laksebestanden, heilt til dei klarte å stoppe dette fisket i 1989.

Eg kan nemne at i 1986 blei det fiska nesten 800 tonn villaks med drivgarn og line.

Samtidig som alt dette skjedde, vaks oppdrettsnæringa i omfang.

Etter vedtaket i 1989 var det fleire som forventa og håpa på at laksebestanden skulle bygge seg opp att, men det gjorde den ikkje.

Forskarane vart bekymra og sette i gang med tråling etter smolt som var på veg til oppvekstområdet. Der fann dei det dei hadde frykta. Ein del ut av laksesmolten hadde så mange lus at dei ikkje ville overleve.

Det same problemet har vi i dag med lakselusa, berre endå verre.

Spesielt her på Vestlandet har sjøørreten små kår, og viss denne trenden fortset kan vi risikere at sjøørreten forsvinn.

Greier dei ikkje å få bukt med lakselusa, kan vi risikere at det går same vegen med villaksen også.

Norge har forplikta seg overfor andre nasjonar at dei skal ta vare på villaksen. Vi får håpe dei greier det.

Nei, eg er ikkje imot lakseoppdrett, den er komen for å bli, men all oppdrett av fisk må kome i lukka anlegg anten i sjø eller på land.

Det heiter så fint at dei som forureinar skal rydde opp etter seg, men gjer havbruksnæringa det?

Her lokalt på Hareid er det snakk om å legge eit oppdrettsanlegg på ein av dei beste fiskeplassane, nemleg her på Uravika. Det er eg imot.

Det vil også legge beslag på store område. Vi veit frå før av at fisk som blir fiska i nærleiken av ei fiskemerde blir forringa som matfisk. For nokre år sidan var det eit fiskerimottak i Hordaland som nekta å ta i mot sei som var fiska i nærleiken av eit oppdrettsanlegg.

Det er berre lukka anlegg på sjø eller land som er framtida.


Roger Korsnes

Hareid